Slåttefestivalen går av stabelen i Hjartdal, ei av dei tre bygdene i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal under Gaustatoppen.

Bygda Hjartdal ligg langs gamle E134, ca. 2 mil vest for kommunesenteret Sauland og ca. 2 mil nordaust for Seljord. Det er 4 mil til Notodden og 16 mil til Oslo. Kjem du frå Notoddensida må du ta av mot Nutheim før Mælefjelltunellen, inn på gamle E134. Kjem du frå Seljordsida tar du av etter Mælefjelltunellen.

Slåttearenaen er like ved Hjartdal kyrkje, i Hjartdal Nordbygd. Det er berre snaue kilometeren frå hovudvegen opp til kyrkja, og det er skilta frå hovudvegen. Det føregår også arrangement på grendehuset Bergtun, som ligg nede ved gamle E134.