Bakgrunn

Slåttefestivalen starta som ein enkel bygdedag i 2000. Korleis kom det i gang, og kva har skjedd undervegs?

Under Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i 1994 blei dei to nabobygdene Hjartdal–Svartdal plukka ut som eitt stort og viktig område med mange utfyllande kvalitetar knytt til kulturlandskap. Ikkje minst er her mange urterike slåtteenger og eit stort biologisk mangfald. Den tradisjonelle ugjødsla og seint slegne slåtteenga er Noregs mest artsrike naturtype. Konkurransane under Slåttefestivalen føregår av praktiske grunnar på slett og fulldyrka mark, men det er ljåslåtten og dei grunnleggjande ferdigheitene knytt til denne som står i fokus.

I kjølvatnet av den nemnde nasjonale registreringa på 90–talet, blei det sett i gang fleire undersøkingar og prosjekt av ulik art i Hjartdal–Svartdal, m.a. "Kulturlandskapsprosjektet" (1999–2002). I dette prosjektet blei det arbeidd med motivering og praktiske tiltak. Seinare kom bygdeutviklingsprosjektet "Eldhusprosjektet" (2003–2006), som m.a. resulterte i verksemdene Telegardar og Kulturlandskapssenteret. Samstundes har Slåttefestivalen halde på som eit sjølvstendig føretak frå 2000, med ein formidabel innsats og dugnad frå bygdefolk. Så og seia alle husstandar i bygda er med på dugnad under Slåttefestivalen.

I perioden 2006–2011 samarbeidde ein med Kulturlandskapssenteret og Norsk Kulturarv, og fekk saman med desse midlar frå Landbruks– og matdepartementet til "Prosjekt Kulturlandskap". Slåttefestivalen fekk gjennom dette midlar til å utvikle arrangementet til eit NM i ljåslått, medan Kulturlandskapssenteret fekk midlar til å tilføre festivalen fleire faglege tilbod for å auke kunnskapen om kulturlandskap generelt.

I dag er festivalen ei god blanding av slåttetevling, festival og læringsarena for kulturlandskap. Me vonar å treffe alle aldersgrupper med programmet vårt, og ynskjer alle velkomne til Slåttefestivalen!

PROGRAM

Klikk her for å sjå årets program

KONKURRANSE

Alle kan bli med!
Klikk her

MARKNAD

Husflid, handverk og småskala matproduksjon
Klikk her

Kjetil Flatland

ARTISTAR

Me har fleire spanande artistar på programmet
Klikk her

Sponsorar 2022

Hovedsponsor

Hovdejord

Arrangementsponsorar

Hjartdal Idrettslag Listul Taxi Bratsberg landbrukstjenester DT Aanleggstjenester Telebygg Bratsberg & Mæland AS Hjartdalbanken Kai Kaasa Transport Slåtta Bil AS Hjartdal Elektro AS Rema 1000 Tuven  Hjartdal kommune Spar Sauland Skagerak Energi Elektrotech Bøen graving og transport Bjålid Anlegg a/s Hjartdal ungdomslag Hovden Hytteservice Nordbø Pensjonat

Støttesponsorar

Hegna Grustak AS Bøen Elektro Haugen bygg Byggmester Olaf Særsland JF Maskinentreprenør IL Takst AS XL Tuddal byggevarer AS Hjartdal og Gransherad Rekneskapskontor AS Morgedal Rør AS Skorve Entreprenør AS EIK Senteret Rue Transport Hjartdalsbygda AS Dyrud Elektro Våle bygg Norsk Bygg AS Lidalen Grustak Geir Kåsastul Aasmundsen Bakeri Hjartdal Bygdemylle Flatland AS