Laurdag 10. juni 2023 blir det Slåttefestival i Hjartdal, og styret er godt i gang med planlegging av neste års festival.
Veit du allereie no at du vil delta? Alle kan bli med! I tillegg til NM i ljåslått har me ordinære tevlingar i stuttljå og langljå. Me har ljåar til utlån. Alle som ynskjer det kan prøve seg i tevlingane våre. Med unntak av rekruttklassa stiller alle deltakarar i NM. Det kan konkurrerast i stutt– og⁄eller langljå. Kontakt Lena Øverbø på tlf.93675047 viss du har spørsmål, påmelding startar i april.
Marknaden på Slåttefestivalen er noko å sjå fram mot. Her ventar me utstillarar som lagar husflid, og handverk, samt småskala matproduksjon. Gled dykk! Har du spørsmål, eller kanskje du vil stille ut ditt produkt? Ta kontakt med Mari-Anne på tlf. 99389899.
Det blir traktorkonkurranse i år også, det vart ein stor suksess i fjor! Eig du ein traktor? Ny eller gammal, så shine den opp og bli med i kåringa! Det blir premiering av den flottaste traktoren, så du har inga tid å miste. I år blir det også publikumsprisen, og dei skal køyre ei runde og vise seg fram etter premieutdelinga. Deltakaravgift: 200 kr, påmeldinga startar i april. Ved spørsmål kontakt June Helen Kåsa på tlf. 46918909.
Me ynskjer alle som har tid og lyst til å ta ei vakt på festivalen hjarteleg velkomen! Er det ei vakt du kunne tenke deg? Eksempel: sal av mat og drikke, parkeringsvakt, inngang, rydding, rigging, frakting, vakt på slåttefesten, sal av mat og øl/vin på kvelden, tidtakar i slåtten, rakst, vasking, koke graut og suppe, rusfritt arrangement for ungdommen... det er mykje som me treng dugnadsfolk til! Sei ifrå til Mari-Anne på tlf. 99389899.
Resten av denne nettsida inneheld informasjon om forrige festival.
Meir info om årets festival kjem i mai.
Les meir om festivalens historie her.
Hjartdal ungdomslag
Nordbø Pensjonat
Våle bygg
Geir Kåsastul
Hjartdal Bygdemylle